Fysak ved Øystre Slidre ungdomsskule

 

Innleiing

Fysisk inaktivitet er i dag vår største livsstilsrelaterte risikofaktor når det gjeld de såkalla velferdssjukdommane i samfunnet vårt. Vi veit også at det krev relativt små endringar i vår livsstil for klart å minske risikoen for stress , hjarte- og karsjukdommar, diabetes, fleire typar av cancer, psykiske lidingar og andre såkalla livsstilsrelaterte sjukdommar.

Velferda i vårt samfunn har altså sine klare biverknader. I overgangen frå industrisamfunn til kunnskapssamfunn har den fysiske aktiviteten blitt borte frå våre kvardagsliv. Til tross for at kunnskapen om korleis vi burde leve finnes, har mange av oss i dag mista vanane og ferdigheitene til å leve eit aktivt liv. Dette må lærast frå botn av!

Da er det viktig at ØSUS kan gje eit reelt alternativ som fører til ein aktiv livsstil som ein naturleg del av kvardagen, alle elvane ved ØSBUS får ein ½ time fysisk aktivitet kvar dag. Dette kjem i tillegg til den valege undervisninga i kroppsøving.

Skulen vil vere ein naturleg arena for endringa mot ein meir aktiv og helsefremjande livsstil.

 

Målsetning

Helse handlar om å ha det bra, ha ressursar nok til å klare kvardagens krav når det gjeld både fysisk, psykisk og sosial kompetanse, slik at einkan oppnå god livskvalitet og balanse i tilværet. Gjennom å setje av tid til fysisk aktivitet kvar dag, vil vi vere med på å endre livsstil hos elevane. Fruktordning saman med dagleg fysisk aktivitet vil gje elevane større trivsel, overskot og betre læringsutbytte.

Måla for prosjektet

  • auka trivsel
  • auka konsentrasjon og læringsevne
  • god kontakt lærar/elev
  • stoppe fysisk forfall blant barn og unge
  • mindre fråvere
  • vi må ha eit lavterskeltilbod slik at det er lett å bli med, ikkje skift, ikkje dusj
  • det skal vere greitt å organisere
  • aktivitetane går klassevis
  • det skal alltid vere lærar med på aktivitetane
  • det skal vere 1/2 time dagleg
  • vi tek 7 min frå alle timar for å få det til
  • elevane skal ikkje miste friminuttid, mogeleg å vere sammen på tvers av klassane
  • vi vil knytte dette opp mot å endre livsstil (utdeling frukt, kosthold)

Organisering av skuledagen med Fysak
U steget

08.40 – 09.40 1.Økt (60 min)
09.40 – 09.50 Friminutt
09.50 – 10.50 2.Økt (60 min)
10.50 – 11.30 Matpause, elevkantine, elevinspeksjon
11.30 – 12.30 3.Økt (60 min)
12.30 – 13.00 FYSAK
13.00 – 13.15 Friminutt
13.15 – 14.15 4. Økt (60 min)

 

Erfaringar med Fysak på Øystre Slidre  ungdomsskule (ØSBUS) pr. mai 2009

 

Vi har etter fleire års erfaringar med ”Fysak” kome fram til ein modell som fungerar for oss. Hovudtrekk i denne modellen er at alle elevane har fysisk aktivitet 30 minuttar om dagen, teke frå undervisningstida. Deltakinga er obligatorisk for elevane, og for læraren blir det rekna som ein del av undervisningstida.

 

I tillegg tilbyr også skulen frivillig fysisk aktivitet gjennom ”Extrem-Fysak”. Dette er aktivitetar som varar lengre og som stiller større krav til fysisk aktivitet, enn dei obligatoriske aktivitetane. Det er seks slike arrangement i året, og elevane som ynskjer å delta får fri frå vanleg undervisning for å delta. Lærar som er Fysak-ansvarleg leier desse aktivitetane. Premiering til elevar som har delteke på flest.

 

Skulen har også ein uteskuleplan som gjeld for alle elevar; som for ekesempel fjelltur om hausten, solidaritetsløp 5/10 km, skidag om vinteren, fotballturnering og ”Super-utfordring” (ein lagkonkurranse) om våren. 9. klasse har i tillegg sykkel/kanotur våren, og 10. klasse har snøhuletur med overnatting ved påsketider.

 

Totalt sett er det den daglege fysiske aktiviteten på 30 minuttar som bidreg mest til betre fysisk form hjå elevane. Denne er organisert som klassevis aktivitet, der kvart klassetrinn (to parallellar) får tildelt eit uteområde dei kan drive på. Desse områda er fotballbanen (grus), ballbinge (kunstgras), gymsal, basketbane, volleyballbane. Områda rullerer etter in vekeplan slik at alle klassar i løpet av veka får tilgang til alle områda. Elevane i ei klasse kan velje mellom å gå tur, eller om dei vil spele ball i ballområdet. Om lag ein tredjedel vel turgåing. To lærarar deltek, ein frå kvar klasse. Ein av desse fire dagane skal elevane, fram til no, gå ein tur som tek 30 minuttar (1000-klubben).

Lærarane som deltek fordelar ansvaret for fysak i forhold til stillingsprosent. Med 100% stilling skal ein lærar delta på om lag 4 fysakøkter pr. veke.