Frå og med skuleåret 2014/15 deltek skulen i den nasjonale satsinga “Ungdomssteget i Utvikling”. Dette er ei satsing som alle ungdomsskular i landet etterkvart skal med i og som set fokus på å utvikle elevanes grunnleggjande ferdigheiter. Øystre Slidre ungdomsskule har valt rekning, og vil at elevane skal oppleve at å kunne rekne er viktig ikkje berre i faget matematikk, men også for å forstå dei andre faga betre. Alle faga skal kartleggje områder der det er nødvendig med rekneforståing og lage undervisningsopplegg der dette blir gjennomgått. På denne måten vil ein kunne konkretisere matematikken  betre gjennom praktiske eksempel og styrke kvardagsmatematikken.

Rolf Kjetil Gulbrandsen er ansvarleg lærar for satsinga på ØSUS