ØSBUS KLASSELEIING

 

  1. Standardar og ansvarleggjøring av elevar.
  2. Tilrettelegging, involvering, relasjonsbygging og stødige vaksne.

 

KLASSE- OG UNDERVISNINGSLEIING.

Hovudansvar læraren har for eleven:

  1. Effektiv klasseleiing fører til auka engasjement, arbeidsinnsats og motivasjon hos elevane.
  2. Lærarferdigheiter som bidreg til å skape produktiv arbeidsro i klasser og skjermar aktivitetane mot indre og ytre forstyrring.

Kva kan eg som vaksen gjera for at du som elev skal klare å halde klassereglane/skal få det betre på skulen?

  1. tilpasse undervisningstilbodet både fagleg og sosialt
  2. genuin respekt for elevane vil utvikle positive haldningar til seg sjølv, andre, skulen og læringLærararbeidet forutset at læraren er konstruktiv i konflikter og kan tåle motgang.

 

KLASSELEIING I PRAKSIS.

  1. Skape produktiv arbeidsro som er tilpassa læringsaktivitetane – lykkast fagleg
  2. Fremje merksemd og engasjement hjå elevane – variere undervisninga og fange opp signal frå elevane om at dei er trøytte eller ikkje forstår
  3. Fremje elevane si sosiale kompetanse og prososiale åtferd- lykkast sosialt
  4. Skape samhald og trivsel i klassen, kjensla av å høyre til
  5. Stimulere motivasjon, skolefagleg innsats og prestasjoner til eleven- bli sett

Proaktiv læring.

  1. Planlegg og tilrettelegge det fysiske læringsmiljøet
  2. Iverksetje innskoleringsaktivitetar
  3. Innarbeide reglar og rutiner
  4. Gje klare beskjedar
  5. Effektiv bruk av ros og oppmuntring I denne fasen har læraren stor påvirkningskraft. Bruk den til:

STARTEN PÅ SKULEÅRET.

  • å sikre best mogleg kontakt med klassen.
  • å sikre kontroll i klassen- ikkje eit mål i seg sjølv , men eit middel til å fremje læring.
  • når læringsmiljøet i klassen er etablert etter ca tre veker, kan ein auke kontakta med enkeltelevar.
  • etablering av kontakt og tillit, lærarar som interesserer seg for elevane og bryr seg om dei, legg grunnlaget for seinare samhandling, også den som er mer konfliktprega
  • respekt og tillit; lærarar som er til å stole på, held ord og følgjer opp det dei har lovd

 

GOD RO OG ORDEN I KLASSEN

  • Undervisningsmetode er avhengig av målet for timen.
  • ”Kateterundervisning” kan vera nyttig i urolege klasser- godt planlagd og tydeleg gjennomført formidling.
  • Meir tid kan med fordel brukast på å undervise kvifor eit fag er viktig
  • Må ha aktivitetsflyt- aktivitetane i klassen må skjermast mot ytre og indre forstyrringar – fokuser på målet for timen
  • Ver obs på motivasjon som synk p.g.a. lang tids konsentrasjon eller ei monoton arbeidsform
  • ”Momentum” beskriv god framdrift i aktivitetane. Ikkje dvel for lenge med eit tema, ikkje omstendelege forklaringar, ha eit rimeleg raskt tempo på beskjedar og instruksjon, men ikkje for mange eller for lange.
  • S.17
  • ” Lærere har en tendens til å hjelpe for mye”
  • Når læraren brukar reprimande i klassens påhør, bør det vera for å markere overfor alle kva slags åtferd som blir forventa og kva som ikkje blir tolerert.

 

FOREBYGGANDE KLASSELEIING.

  • Ha overblikk i klassen, tidleg avdekking av problemåtferd, viser at læreren følgjer med
  • Handter fleire hendingar samtidig
  • Kontroll gjennom nærleik – korriger gjennom nonverbale signal. (Pauser, ansiktsutrykk, flette inn kommentarer.)
  • Åtferd som får oppmerksomheit har ein tendens til å gjenta seg- bruk positiv oppmerksomheit
  • Ros er mest effektiv når den er konkret og begrunna. Den bør bygge på eleven og ha eleven sjølv som referansepunkt. Best når ros er spontan, er oppriktig og variert. Ros formidlar til elevene kva læraren verdset. Hugs vi har prestasjonar, kreativitet, hjelpsomheit, elevsamarbeid m.m.Ein god grunnregel er at: I stor grad eg -bodskap Ros engasjementet, arbeidsinnsatsen og prestasjonane til elevane.Balansegang.

 

  • Ros er det kraftigste virkemiddelet til læraren.
  • I liten grad du -bodskap – berre ved mobbing
  • Hugs:
  • Kvar dag bør innehalde minst ei oppleving som kvar elev kan glede seg over.

 

  • Vise omsorg- setje grenser
  • Stimulere- stille krav
  • Struktur- fridom
  • Behovet til klassen – behovet til den enkelte elevEndring av aggressiv åtferd treng stoppemekanismer. Det vil seie straff- bruk av negative konsekvensar. Straffa må kome som planlagt og nøye avpassa reaksjon på uønska åtferd. Dette betyr at den vaksne må kunne kontrollere sine egne kjensler i situasjonen   2006/2007 

 

Dette er god klasseleiing

OPPSTART AV TIME

  • Læraren møter presis. Står i døra og observerer både det som skjer på gangen og i klasserommet. –
  • Alt utstyr og materiell skal vera på plass før timen startar.
  • Klassen skal prioriterast framfor enkeltelevar .
  • Klargjer måla for timen og presenter plana for timen.

I TIMEN

  • Sjå flest mogleg av elevane.
  • Ha “overblikk”, vis at du veit kva som foregår i klassen.
  • Læraren skal ikkje forlate klasserommet i timen.
  • Pass på “aktivitetsflyt” og “momentum”, sjå side 16 i oransje
  • hefte.
  • Når klassen er aktivisert, tek læraren praktiske gjeremål.

 

AVSLUTNING AV TIMEN.

  • Oppsummering
  • Avslutt 5 min. før det ringer.
  • Rydd bort bøker og leit fram til neste time
  • Skriv eventuelle merknader
  • Eleven kan gå når dette er gjort og han har fått nikk frå læraren
  • Følg klassa heilt ut.
  • Viktig at alle lærarane har denne standarden for klasseleiing!