Skulen sine utfordringar for å kunne skape ein engasjert og glad skule er:

  • Auke elevmedverknad.
  • Auke bruken av praktiske arbeidsmåtar.
  • Samarbeide betre med næringslivet og andre instansar
  • Utvikle samarbeidet med foreldra.
  • Legge til rette for meir aldersblanding
  • Skape eit miljø fritt for mobbing
  • Skape ein kultur for læring

Skulen er med i FYSAK prosjektet. 5 min er tatt frå kvar time slik at elevane får ein midttime med ½ time fysisk aktivitet kvar dag. Dette skjer etter ein fast plan for kvar klasse og blir leia av læraren. I tillegg får elevane tilbod om skulefrukt.

Betre lærarane sinkompetanse i klasseleiing. Dette er tema på fellessamlingar gjennom heile året.
Sjå planarbeid klasseleiing

Satsing på grunnleggjande ferdigheiter gjennom systematisk observasjon av lesing (SOL), og rekning i alle fag (frå skuleåret 2014/15)

Sikre infrastruktur, kompetanse og pedagogisk utnytting av IKT i undervisning og læring i samsvar med det nasjonale programmet for digital kompetanse
Sjå IKT -plan

Betre samarbeid heim – skule. Skulen har ein ny forpliktande plan for heim – skule samarbeid fra skuleåret 2008 – 2009
Sjå Plan heim – skulesamarbeid
Vi skal vidareutvikle elevmedverknaden i og elevvurderinga av verksemda vår, m.a. ved bruk av “Elevundersøkelsen”.
Sjå Utdanningsdirektoratet.no – Skoleporten

Skulen har Its learning som nettbasert læringsplattform. Its Learning opnar for heilt nye pedagogiske læringsmetodar og vil bli eit viktig hjelpemidddel i organiseringa av læringsaktivitetar og informasjon. Føresette kan med dette få betre innsyn i skuleaktivitetane til sine barn. Skuleåret 2008 – 2009 vil alle  trinn på skulen nytte Its learning.
Sjå lenke i venstre marg