Vurdering

På ungdomssteget får eleven vurdering med karakter i faga og i orden og åtferd, i tillegg til ulike typar vurdering utan karakter.

Ved fastsetting av fagkarakter vurderer læraren kva kunnskap, forståing, dugleik og skapande evner eleven har i høve til dei måla som er sette i fagplanen i Kunnskapsløftet. Karakteren i det enkelte fag skal gje uttrykk for kva for nivå eleven er på når karakteren blir fastsett. Føresetnaden til eleven skal ikkje trekkast inn. (Unntak kroppsøving og orden/åtferd) Vurderingsgrunnlaget blir altså endra frå barnesteget til ungdomssteget. Elevane på ungdomssteget får vurderingsoppgjer i januar og ved skuleslutt. Karakterskalaen er frå 1 til 6, der 6 er best.aaa6