Her finn du informasjonsskrivet som blir delt ut til alle  elevar og føresette om hausten

 

REGLAR FOR ORDEN OG ÅTFERD VED ØYSTRE SLIDRE UNGDOMSSKULE

ØYSTRE SLIDRE UNGDOMSSKULE

REGLAR FOR ORDEN OG ÅTFERD.

 

  • Alle må gjere sitt for at skulen vår blir ein god stad for læring og utvikling.
  • Vi vil at skulen vår skal være ein god, trygg og triveleg arbeidsplass for elevar, lærarar og andre tilsette.
  • For å oppnå dette må vi ta omsyn til kvarandre, og fordi vi er så mange, må vi ha nokre enkle
  • reglar for det daglege samværet.

 

ORDEN

  1. Alle skal møte presis og vera godt førebudde med nødvendig skuleutstyr til timane.
  2. Alle elevar har rett og plikt ti å møte på skulen i samsvar med skuleruta. Alle må ha gyldig grunn for fråvær.
  3. Yttertøy og sko skal henge/setjast på gangen. Eleven er sjølv ansvarleg for eigne eigendelar. Pengar og verdisaker må takast med inn i klasserommet, eller kan leverast for oppbevaring.
  4. Det er ikkje anledning til å forlate skuleområdet utan skriftleg løyve frå kontaktlærar, teamleiar eller rektor.
  5. Syklar og spark skal parkerast på anvist stad og berre brukast i godkjent løype og med hjelm.
  6. Snøballkasting er forbode på skulen sitt område i skuletida. Rulleskøyter og rullebrett skal berre brukast på rampa og med hjelm.
  7. I timen skal telefonen vere slått av.
  8. Brus, saft, godteri og mat, er ikkje tillate i timar utan etter avtale med lærar.
  9. Ingen skal ha med eller bruke tobakk eller andre rusgifter på skulen.
  10. Dette gjelder alle arrangement i skulen sin regi.

 

Forskrift til opplæringslova §3-7:

Ved fastsetting av karakter i orden og åtferd tek ein omsyn til om eleven viser vanleg god arbeidsinnsats og følgjer dei ordensreglane som er fastsett for kvar skule. Ugyldig fråvær skal reknast som brot på ordensreglane.

ÅTFERD

  1. Elevane skal viser omsyn og respekt for kvarandre og rette seg etter oppmodingar frå alle skulen sine tilsette.
  2. Alle skal vise varsemd under leik og aktivitetar slik at ingen blir skada.
  3. Alle skal verne om skulen, skulen sitt utstyr, materiell og utområde. Det same gjeld medelevar og andre sin eigedom. Eleven har erstatningsansvar ved skade.
  4. Vi må ikkje øydelegge arbeidssituasjonen for andre.
  5. Fusk eller forsøk på fusk er ei alvorleg sak og kan medføre nedsett karakter.
  6. Tjuveri i skuletida kan føre til nedsett karakter.
  7. Vi skal ikkje mobbe eller plage andre.

 

Forskrift il opplæringslova §3-7: Ved fastsetting av karakter i åtferd tek ein omsyn til korleis eleven ter seg på skuleområdet og elles når skulen har ansvar for tilsyn med elevane. Ein skal leggje særleg stor vekt på korleis eleven ter seg mot andre elevar, lærarar og andre tilsette og korleis elevane ter seg mot kvarandre på skulevegen.

 

ALLE I SKULESAMFUNNET ER ANSVARLEGE FOR AT SKULEN SINE REGLAR BLIR HALDNE.

BROT PÅ SKULEN SITT REGLEMENT KAN FØRE TIL AT ELEVEN:

  • Får melding heim om brot på reglane. Gjentekne brot vil verke inn på karakter i orden/åtferd ved første terminoppgjer.
  • Blir teke ut av timen med beskjed om å møte hjå rektor/sosiallærar til samtale/forklaring.
  • Blir utelate frå skulen sine arrangement i fritida.
  • Blir sendt heim for resten av dagen. Rektor avgjer dette i samarbeid med kontaktlærar og dei føresette.
  • Blir vist bort frå skulen i inntil tre daga. Rektor avgjer dette i samråd med eleven sine lærarar og dei føresette.
  • Blir utelaten frå leirskuleopphald/ekskursjonar dersom rektor vurderer dette som nødvendig for ei sikker og tilfredstillande gjennomføring av opplegget.
  • Misbruk av mobiltelefon kan føre til inndraging av mobiltelefonen i inntil 3 dagar.
  • Eleven og føresette kan bli pålagde å betale erstatning for skade på skulen sin eigedom med inntil kr 5.000,- pr. skade.
  • Grov mobbing, tjuveri eller hærverk kan bli meldt til lensmannen.
  • Ved grove brot på ordensreglane må eleven ringe heim slik at foreldra får tidleg melding om det som har skjedd.

 

SKULEBUSSEN HAR EIGNE ORDENSREGLAR, DESSE STÅR SOM OPPSLAG I SKULEBUSSEN.

PERMISJON/FRÅVÆR

  • Ved fråvær skal eleven ha med melding på første skuledag etter fråværet.
  • Heimen pliktar å gje skulen melding ved fråvær ut over 3 dagar.
  • Føresette kan søkje permisjon for eleven, dette skjer til kontaktlærar i god tid (minst to verder føreåt). Søknad om permisjon ut over 3 dagar, handsamast av rektor.

 

Øystre Slidre kommune sine generelle reglar for orden og åtferd i skulane:

Nytt kommunalt  reglement for orden og åtferd

1.1 Heimel

Ordensreglementet er gjeve i heimel i lov 17. juli 1998 om grunnskulen og den

vidaregåande opplæringa (opplæringslova) §2.9.

1.2 Føremål

Skulane i Øystre Slidre skal vere prega av konstruktivt og utviklande samarbeid mellom elevar, føresette og tilsette. Ordensreglementet skal bidra til å fremje trivsel, respekt, samarbeid, forutsigbarheit og medansvar for å sikre eit godt læringsmiljø på skulane.

Ordensreglementet har som utgangspunkt at alle elevar bidreg med ressursane sine for å nå målsettinga om eit trygt og godt skulesamfunn for alle.

Ordensreglementet skal også vere eit felles verktøy slik at skulane i Øystre Slidre kan ha ei mest muleg lik sakshandsaming. I tillegg skal det innehalde eit felles sett med

sanksjonar som i størst muleg grad vil fremje likskap mellom skulane med omsyn til tiltak og reaksjonsformer.

1.3 Verkeområde

Ordensreglementet gjeld dei kommunale grunnskulane. Reglementet gjeld og

skulefritidsordninga så langt det høver.

Ordensreglementet inneheld reglar for både orden og oppførsel. I tillegg inneheld det

reglar for kva tiltak (sanksjonar) som skal brukast mot elevar som bryt reglementet, og sakshandsamingsreglar for korleis slike saker skal handsamast.

Skulane har ansvar for elevane i undervisninga, under arrangement, på ekskursjonar og anna der elevane er under skulen si leiing. Av dette fylgjer at ordensreglementet gjeld alle typar undervisningslokale, fellesrom og uteområde, på skulevegen og når elevane har undervisning på andre stader enn på skulen sitt område, til dømes i prosjekt, på leirskule, studietur og liknande. Av dette fylgjer at ordensreglementet gjeld når skulen har ansvar for elevane.

Skulen har ikkje tilsynsplikt når det gjeld skulevegen, men ein går ut frå at elevane fylgjer ordensreglementet også på skulevegen og bussen.

1.4 Skulane sitt ordensreglement

I tillegg til felles ordensreglement for skulane i Øystre Slidre, kan den enkelte skulen

utarbeide eige reglement for trivsel, orden og åtferd. Dette reglementet skal sikre at

spesielle tilhøve ved den enkelte skule kjem med. Den enkelte skule sitt ordensreglement skal særleg ha fokus på rutinar og prosedyrar for å sikre elevane sitt psykososiale skulemiljø.

Alle rådsorgan ved skulen skal delta i utarbeidinga av eige ordensreglement. Skulen sitt samarbeidsutval vedtek ordensreglementet.

Ved eventuell usemje vil lovføresegnene i opplæringslova og den felles kommunale

forskrifta ha forrang framfor skulen sitt eige reglement. Sentralt regleverk og kommunal forskrift skal vere utgangspunkt for skulen sitt eige ordensreglement.

 

2 Reglar og sanksjonar

Skule er ein læringsarena for barn, unge og vaksne. Alle har eit ansvar for korleis

skulemiljøet er og vert utvikla. Det er difor viktig at både elevar, føresette og tilsette

arbeider for å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø på den enkelte skule.

Elevane skal fylgje vanlege reglar i samfunnet og vise god folkeskikk. Som elev har ein difor både rettar og plikter som skal fylgjast.

2.1 Reglar om orden og åtferd

Skulen i Øystre Slidre har som mål at alle born, unge og vaksne skal oppleve eit godt og utviklande lærings- og skulemiljø. For å oppnå dette må mellom anna desse reglane fylgjast:

  • Alle skal vise respekt og omsorg for kvarandre.
  • Alle skal ha eit godt lærings- og skulemiljø der ein viser respekt for undervisninga.
  • Alle skal ta del i undervisninga slik den er organisert, bidra til å halde arbeidsro i

timane og fylgje dei reglane som gjeld i prøve- og undervisningssituasjonar.

  • Alle skal møte presis til undervisning og andre avtaler.
  • Alle skal gjere og levere skulearbeidet til avtalt tid.
  • Alle skal ha god orden og bidra til at området på skulen er reint og ryddig.
  • Alle får ha eigendelane sine i fred, men så langt det er mogleg bør du unngå å ta

med verdisaker på skulen.

  • Alle skal ta vare på skulebygget, inventar, lærebøker, undervisningsmateriell og

andre eigendelar slik at dei ikkje vert utsette for hærverk og unødvendig slitasje og

forbruk.

  • Ingen skal ha med ulovlege/farlege gjenstandar.
  • Ingen skal vere rusa, bruke, oppbevare, omsette eller ha med tobakk, snus,        alkohol, narkotika eller andre rusmiddel på skulen sitt område eller arrangement.
  • Mobiltelefon, iPod, MP3-spelar og liknande skal som hovudregel vere slege av i

undervisningstida. Den einskilde skule kan gjennom eige ordensreglement

fastsetje særskilde reglar for bruk av slikt utstyr.

  • Skulen sitt datautstyr og internettilgang skal som hovudregel berre nyttast i

samband med undervisning. Den einskilde skule kan gjennom eige

ordensreglement fastsetje særskilde reglar for bruk av datautstyr, internett, spel,

video og sosiale media.

  • Under større prøver skal alt elektronisk utstyr som kan nyttast til kommunikasjon,

leverast inn.

  • Det er ikkje høve til å forlate skuleområdet utan skriftleg løyve frå kontaktlærar,

teamleiar eller rektor.

2. 2 Tiltak ved brot på ordensreglementet

Alle sanksjonar skal vere slik at eleven forstår kva for regel som er broten og kvifor

skulen må reagere på dette. Sanksjonane skal stå i rimeleg forhold til brotet på

ordensreglementet. Tiltaket bør kome så nær regelbrotet i tid som mogleg. Dersom det er mogleg, skal eleven få høve til å gjere opp for seg.

Brot på reglar som fylgjer av lov eller reglement kan få sanksjonar etter reglane i dette kapittelet, dersom ikkje anna er særskilt nemnt.

 

 

 

Som hovudregel skal det berre gjennomførast sanksjonar som fylgjer av lov eller

reglement. Dersom særskilde grunnar talar for det, kan også andre sanksjonar av mindre inngripande art gjennomførast. Ved brot på reglar som fylgje av skulen sitt eige ordensreglement, gjeld det same.

Elevane pliktar å fylgje sanksjonane dei vert dømde til. Dersom dette ikkje vert gjort, kan ein dømme til nye sanksjonar.

Fysisk refsing eller anna krenkjande handsaming må ikkje nyttast. Med fysisk refsing

meiner ein ikkje arbeid i samband med rydding, vask, og/eller reparasjon etter seg sjølv eller andre.

Kollektiv straff kan ikkje nyttast for regelbrot som er gjort av enkelte medlemmar av

2.2.1 Mulege sanksjonar

Skulane i Øystre Slidre kan nytte fylgjande sanksjonar ved brot på ordensreglementet:

  • Munnleg irettesetjing
  • Skriftleg irettesetjing/ åtvaring
  • Heimen vert informert
  • Pålegg om oppgåver for å rette opp skade dei har gjort på skulen sin eigedom eller

eigendelar (rydde søppel, vaske golv, fjerne tagging og liknande)

  • Erstatningsansvar
  • Vere til stades på skulen før eller etter skuletid i samband med samtale med

lærar/rektor og/eller utføring av oppgåver som er pålagde

  • Inndraging av gjenstandar som vert brukte på ein farleg eller provoserande måte,

og/eller andre gjenstandar som ikkje skal vere med på skulen. Gjenstandar som ein

har drege inn, kan leverast tilbake til føresette (ulovlege gjenstandar vert leverte til

politiet).

  • Bortvising frå klasse/gruppe for resten av timen eller arbeidsperioden etter rektor

si avgjerd. Rektor kan delegere bortvisning frå resten av timen til den enkelte lærar

  • Bortvising frå skulen for resten av dagen eller inntil tre dagar etter rektor si

avgjerd

  • Utestenging av enkeltelevar frå spesielle arrangement og aktivitetar
  • Mellombels eller permanent bytte av klasse
  • Mellombels eller permanent bytte av skule
  • Nedsett karakter i orden og åtferd
  • Melde straffbare forhold til politiet

2.2.2 Nærmare om konkrete brot og/eller sanksjonar

Mobbing og vald

Krenkjande åtferd som mellom anna uakseptabel munnbruk, mobbing, diskriminering, vald eller truslar om vald, skal ikkje godtakast i skulane i Øystre Slidre. Den enkelte skule skal ha handlingsplan mot mobbing, samarbeidsutvalet skal vedta handlingsplanen.

Forbodet om mobbing gjeld også spesifikt eit forbod mot mobbing, trakassering og truslar om bruk av vald på SMS, MSM, MMS Facebook og andre internettbaserte media.

Elevar som utfører mobbing, vald eller truslar om vald, kan visast bort frå

undervisninga/skulen. Lengda på bortvisinga vil vere avhengig av alderen til eleven og alvoret i situasjonen. Dersom åtferda til eleven ikkje endrar seg etter at ein har freista å gjennomføre tiltak eller sanksjonar, kan ein vurdere bytte av klasse eller skule, mellombels eller permanent.

Å ha med ulovlege/farlege gjenstandar

På skulen sitt område eller arrangement er det ikkje lov å ha med ulovlege gjenstandar eller gjenstandar som kan brukast til å gjere skade på seg sjølv eller andre. Skulen kan konfiskere gjenstandane. Ulovlege gjenstandar vert overlevert til politiet. Andre konfiskerte gjenstandar vert overleverte til eleven sine føresette etter skuletid.

Hærverk

Elevar som utfører hærverk kan påleggjast å rydde opp etter seg/utbetre skader som er gjort dersom oppryddinga er arbeid som eleven har føresetnadar for å greie, og arbeidet står i rimeleg forhold til regelbrotet.

Ved hærverk vil eleven og/eller dei føresette kunne bli gjort ansvarlege for erstatning. Det same gjeld ved tap eller øydelegging av skulebøker og anna utstyr. Eleven kan få høve til å betre skadane sjølv, dersom det vert sett på som formålstenleg.

Skulen skal reagere dersom eleven øydelegg andre elevar sine eigendelar.

Ugyldig fråvere

Elevane har plikt til å møte presis til undervisninga i den form den vert organisert. Ugyldig fråvere er brot på ordensreglementet og skal leggjast vekt på når ordenskarakteren skal setjast.

Dersom eleven er ulovleg borte frå skulen eller gjentekne gonger kjem for seint, skal ein kontakte føresette for å få kartlagt årsaka til fråveret eller forseintkominga. Dei tiltaka som skal setjast i verk må ein sjå i samanheng med årsaka og eventuelt kor ofte eleven kjem for seint.

Barn og unge har rett og plikt til grunnskuleopplæring. Når det er forsvarleg, kan rektor etter søknad gje den enkelte elev fri inntil to veker. Fråvere utover dette er å sjå på som at eleven er skriven ut av skulen. Dei føresette til eleven må legitimere at barnet får tilsvarande undervisning i ein annan skule eller ved heimeundervisning. Dersom dette ikkje skjer, skal skulen fylgje opp saka.

Den einskilde skule fastset i sitt eige ordensreglement korleis fråvære skal legitimerast.

Fråveret frå alle tre åra på ungdomssteget skal førast på vitnemålet.

Mobiltelefon, MP3-spelar etc.

Mobiltelefonar og MP3-spelarar skal som hovudregel vere slått av i  undervisnings-tida. Den einskilde skule kan gjennom ordensreglementet fastsetje reglar for bruk av mobiltelefon, MP3-spelar etc.

Dersom eleven bryt regelen om bruk av mobiltelefon, MP3-spelar etc., kan utstyret

konfiskerast for resten av dagen. Ved gjentekne brot på reglane kan utstyret konfiskerast og leverast til føresette.

Internett

Skulen sin internettilgang skal som hovudregel berre brukast i samband med undervising.

Denne regelen hindrar ikkje at internettilgangen til skulen kan vere tilgjengeleg for elevar utanom den organiserte undervisninga.

Den einskilde skule skal ha nettverkreglar. Vidare skal skulen fastsetje reglar for bruken av skulen sitt datautstyr. Elevar som bryt nettverkreglane og/eller reglar for bruk av datautstyr, kan stengjast ute frå bruk av skulen sitt datautstyr for ein periode.

 

Fusk

Dersom ein elev har fuska i ein prøvesituasjon, vil prøva bli annullert. Elevane på

ungdomsskulen skal få informasjon om at det er muleg dei ikkje kan få terminkarakter dersom dei har fuska.

Når det gjeld fusk eller forsøk på fusk på eksamen vert det vist til eige eksamensreglement.

Rusmidlar, tobakk og snus

Det er ikkje tillate å vere rusa eller bruke, oppbevare, omsetje eller ha med tobakk, snus, alkohol, narkotika eller andre rusmiddel på skulen sitt område eller skulen sine arrangement.

Skulen skal konfiskere rusmidlane eller tobakken. Tobakk eller alkohol skal ein overlate til eleven sine føresette. Ulovlege rusmiddel skal ein overlate til politiet.

Vurdering i orden og åtferd

Reglar for karakterar i orden og åtferd er heimla i føresegna til opplæringslova §3-9.

Karakteren i orden og åtferd skal som hovudregel setjast ned ved gjentekne brot på ein eller fleire reglar i felles ordensreglement eller den einskilde skule sitt ordens-reglement. I tillegg kan karakteren setjast ned ved spesielt grove brot på reglementet sjølv om det er snakk om ei einskild hending.

Dersom det er tvil om ein elev på grunn av stort fråvere eller andre særlege grunnar kan få standpunktkarakteren Nokså god eller Lite god i orden eller åtferd, må eleven og dei føresette få skriftleg varsel. Varsel skal gjevast straks slik at betring i orden eller åtferd kan påverke karakteren.

2.3 Melding til politiet om straffbare forhold

Dersom det ligg føre mistanke om straffbare forhold, kan rektor be om bistand frå politiet. Dei føresette til eleven skal om det er muleg varslast munnleg samstundes som ein ber politiet om bistand.

Skade på skulen sin eigedom kan bli meldt til politiet. Rektor kan straks melde frå om

forholdet til politiet, men formell melding til politiet vert levert av kommunen i samsvar med kommunen sitt delegasjonsreglement.

Straffbare forhold vert som hovudregel meldt av den som er utsett for forholdet – den

fornærma.

2.4 Undersøking

Ved rimeleg grunn til mistanke om brot på reglane om ulovlege/farlege gjenstandar eller rusmidlar og tobakk, kan leiinga på skulen gjere undersøkingar i garderobeskåp og bokskåp som eleven disponerer.

Ved rimeleg grunn til mistanke om brot på reglane om ulovlege/farlege gjenstandar eller rusmidlar og tobakk, kan leiinga på skulen be dei føresette til eleven om lov til å ta kontroll av lommer, klede, sekkar eller vesker. Dersom det er muleg, skal dei føresette ha høve til å vere med ved ein eventuell kontroll.

2.5 Nødverge

Når det i heilt spesielle situasjonar er fare for at ein elev kan skade seg sjølv eller andre, vil det vere nødvendig å stoppe eleven, eventuelt skilje eleven frå resten av gruppa og plassere eleven i eige rom for ein kortare periode. Eleven skal ha tilsyn av minst ein vaksen. Når eit slikt tiltak vert sett i verk, skal ein straks melde frå til rektor og til foreldre. Rektor må føre opplysningane om slike tiltak og om årsaka til dei i elevmappa.

2.6 Erstatning

I tillegg til å bli pålagte sanksjonar etter reglementet her, kan eleven bli gjort

erstatningsansvarleg etter erstatningsrettslege reglar. Foreldre kan bli gjort

erstatningsansvarlege for skade som er gjort med føresett eller aktlaust av barna deira med inntil kr 5000,- for kvart enkelt tilfelle, jf. Skadeerstatningslova §1-2.

 

 

 

3 Reglar for handsaming av sak ved sanksjonar

Handsaming av brot på ordensreglementet fylgjer av opplæringslova.

I den grad avgjerda om å dømme til ein sanksjon vert rekna som eit enkeltvedtak, skal reglane for sakshandsaming fylgje forvaltingslova kap III-VI.

Av dette fylgjer mellom anna at:

  • Foreldra til eleven skal varslast før vedtaket vert gjort og dei skal få høve til å uttale

seg innan ein sett frist. Til vanleg vert det gjeve skriftleg varsel på førehand.

  • Skulen skal sjå til at saka er opplyst så godt som muleg før det vert fatta vedtak.

Elevar skal få høve til å gje uttrykk for sitt syn, i den grad dei er i stand til å danne      seg eigne synspunkt i saka.

  • Enkeltvedtak skal vere skriftleg og grunngjeve. Det kan klagast på vedtaket, det må

difor ha med opplysningar om retten til å klage, klagefrist, klageinstans og

framgangsmåte ved klage.

Ved avgjerder om desse sanksjonane skal det alltid fattast enkeltvedtak:

Bortvising

Ved alvorlege eller gjentekne brot på ordensreglementet kan elevar på 1.- 7. steg visast bort frå enkelttimar eller for resten av dagen. Elevar på 8.-10. steg kan visast bort frå undervisning i inntil tre dagar, sjå opplæringslova § 2-10 og §2-9 fjerde ledd.

Bortvising for meir enn ein time/arbeidsperiode vert gjort av rektor etter å ha rådført seg med læraren til eleven. Før det vert fatta vedtak skal eleven få høve til å forklare seg munnleg, og ein skal ha vurdert andre hjelpe- og refsingstiltak.

Dei føresette til eleven skal varslast før bortvising vert sett i verk for resten av dagen (gjeld 1.- 7 steg), og før bortvising for heile dagar (gjeld 8.- 10. steg).

Bytte av skule

Når omsyn til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særskilte tilfelle flyttast til ein annan skule enn den skulen eleven har rett til å gå på. Når det er naudsynt, kan eleven flyttast til ein skule utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flyttast ut av heimen eller at skuleskyssen vert uforsvarleg lang, sjå opplæringslova §8-1 tredje ledd. Før det vert gjort vedtak om å flytte ein elev, skal det vere prøvd andre tiltak. Ved svært alvorlege eingongstilfelle er det ikkje snakk om å prøve andre tiltak før det vert gjort vedtak.

Ein skal varsle dei føresette om at bytte av skule vert vurdert og dei skal ha høve til å uttale seg innan ein gjeven frist.

Det er rådmannen som skal fatte vedtak om overflytting til annan skule, ikkje rektor ved den enkelte skule.

Tiltak som gjeld det psykososiale miljøet

Dersom ein elev eller føresett ber om tiltak som gjeld det psykososiale miljøet, blant anna tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald og rasisme, skal skulen snarast muleg handsame saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova, sjå opplæringslova §9a-3 tredje ledd.

Dersom skulen ikkje fattar vedtak innan rimeleg tid, kan foreldra likevel klage etter reglane i forvaltningslova, som om det var gjort eit enkeltvedtak. Klageretten kan iverksetjast av dei som har rettsleg interesse etter forvaltningslova §28.

Skulen skal sende mellombels svar dersom motteken melding ikkje kan svarast på i løpet av ein månad etter at den er mottatt. I meldinga skal det gjerast greie for grunnen til at meldinga ikkje kan handsamast tidlegare og om muleg når ein kan vente svar, jf. §11a i forvaltningslova.

 

 

 

Ved avgjerder som ikkje er enkeltvedtak, skal fylgjande sakshandsamingsreglar gjelde:

  • Skulen pliktar å sjå til at saka er så godt som muleg opplyst, og avgjerda skal takast      på eit grunnlag som er forsvarleg etter saka sin art og karakter.
  • Eleven skal så vidt det er muleg varslast og få lagt føre relevante opplysningar i saka med mulegheit til å uttale seg før det vert treft ei avgjerd. I alvorlege saker skal

føresette så vidt muleg kontaktast. Varselet kan gjevast munnleg, men ved avgjerder

som har mykje å seie bør grunngjevinga vere skriftleg.

  • Avgjerda bør grunngjevast. Eleven skal få grunngjevinga for avgjerda samstundes

med at orienteringa vert gjeven, med mindre det er forhold som gjer det vanskeleg.

Grunngjevinga kan gjevast munnleg, men ved avgjerder som har mykje å seie bør

grunngjevinga vere skriftleg.

4 Forskrifta trer i kraft

Denne forskrifta trer i kraft frå 01.08.12

Reglementet for orden og åtferd, både den felles forskrifta og eventuelt utfyllande reglement frå den enkelte skule, skal gjerast kjent for elevar, foreldre og tilsette ved oppstart av kvart skuleåret. Dette har kvar skule ansvaret for. Reglementet skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg på skulen/kommunen si nettside.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ORDEN OG ÅTFERDSREGLEMENT

ØYSTRE SLIDRE UNGDOMSSKULE

 

 

Vi har gjord oss kjende med orden og åtferdsreglemenet for Øystre Slidre ungdomsskule.

 

Elev…………………………………………………

 

Foreldre/Føresette…………………………………….

 

 

 

 

 

 

Klypp…………………………………………………………………………………………….